tirsdag 6. desember 2011

Er forresten komen heim

Hei og hopp! Lite fart her i det siste. Me har som sagt kome heim og trivst med det. Me har fått all den gode norske maten me har savna så fælt, truffe masse gode venner og tilbrakt kvalitetstid med familien.

Me savner Bali og alle dei me blei kjent med der nede mykje når me ser ut vindauget. Regn, snø og iskaldt. Hagl og vind. Lengselen til varmare strøk krible i magen og eg veit at detta ikkje vil bli vårt siste eventyr.

Legge ved eit fint bilde av meg og Vilde. Enjoy.

tirsdag 22. november 2011

Dei galne har da godt



Prøvepakking

Heimreisa? Snart? Verkeleg? Trur deg ikkje ...



Trur me blir nøydd for å senda noko i posten eg...

The Junction

Får ikkje sagt det nok, The Junction er verkeleg tingen. I dag har eg og Magnhild lese til eksamen, kvar for oss. Magnhild tusla på Soho og eg kunne då ikkje dy meg. The Junction. Verdas beste (til no) Chicken Curry Sandwitch. Då dåke allereie veit om denne skal dykk heller få bilete av sjølve restauranten denne gongen. Den er knallfin!




søndag 20. november 2011

Skrækkfilm og påkkårn

I dag har me vore på kino.

Magnhild blei redd. Me såg Twillight!

Åt god popcorn.

Avslutta med å kjøpa julegåve til ho mor, genser til meg sjølv og biff til kvelds. Fin kveld!

lørdag 19. november 2011

Raud, raud, raud

I dag har eg vore på stranda litt lengre enn eg burde. Eg kom heim og følte meg både brun og fin. Kva var eg? Raud. Kokt hummar-raud. Tomatsuppe-raud. Raude roser-raud. Raud, raud, raud. Om det gjer vondt? Ja. Utan tvil. Ein skal lide for "skjønnheten", er det ikkje det dei seier?


Likevel avslutta eg dagen heilt perfekt. Me gjekk ut for å ete middag med Nina og Sabrina, der dei andre sofistikerte delte ei flaske vin medan eg drakk brus. Me åt knallgod pizza og hadde godt selskap. Uten tvil ein fin kveld. På vegen heim gjekk me innom ein klesbutikk, der me fekk kjøpt julegåver og gåver til oss sjølve. Finfint!


Legg ved eit par bilete av to skjønne jenter (dei to andre skjønne jentene blei da ingen bra bilde av, så dei får me klara oss uten ikveld) som er blitt fine og brune.
Etter raudfarge kjem brunfarge. Sant?
Flotte Nina
Søte Sabrina

onsdag 16. november 2011

Den ville gekkojakta

"svett&jævlig. Tidenes gekkojakt. Takk til Magnhild for tapper innsats. Rommet ser ikkje ut, men gekkoen er trygt ute i da fri og eg ska ikkje lenger bli vekka av gekkosong midt på natto."
Facebookstatusen min frå igår kveld. Legge ved eit bilete av korleis rommet såg ut etter me hadde byrja å rydda på plass igjen.Stakkars naboane i første etasje, må tru me er totalt kreisi.
 Og til slutt... Akkurat i da eg skulle legga meg såg eg ein gekko til på veggen. Søren!