fredag 30. september 2011

Eigenhøvna ost

Vår første eigenhøvla ost sidan me kom ned her. Kombinert med sjokolademelk som slår både litago og sjokomelk ned i sjokojuro. Me leve livet og har da fint.

Snakkes!

torsdag 29. september 2011

Hawaiiparteey

Meg, Johanne og Gøran.
 Transporten vår satte seg fast på veg heim frå hawaiifesten.
Hjelpsomme jenter!
Håvard, Johanne og meg.

Johanne og Solveig. 

Magnhild: "Åja, så dei sår gråstein her."

onsdag 28. september 2011

Første innlevering

Første innlevering i exphil er i morgon. Berre ei innlevering for å sjå om me er på rett spor, intet meir, men likavel spennande. Er ikkje mindre lei av Hursthouse og Peter Singer, men er vel sånt som følgjer med ei slik oppsummering og samanlikningsoppgåve. Allereie neste tysdag skal me og ha klar ei innlevering i kulturforståelse. Blir spennande da óg. Sender litt sol til dåke der heima, høyre dåke trenge da.


Snakkes!

mandag 26. september 2011

Starbucks coffee

Her har dåke iallefall eit bildedryss frå turen vår til Bali Gallery sist veka. Kos dåke!


 






Me leve endo altså

men har ikkje hatt internett på fleire daga. Nettet her er nokså opp og ned, og bestemme litt sjølv om da vil eller ei. Derfor ingen livsteikn, men som mamma sa: "dersom eg ikkje høyre noko frå dåke, antar eg at dåke har da fint." Klok dama, mor mi.


I dag fekk eg ein hyggelig overraskelse av Made. Pakke frå mamma! Som dåke ser har ho sendt meg ein ostehøvel. Den ska eg gå rundt å visa til alle Balinesarane og sei at dei er kjempeteite som selge ost du må skjæra opp sjølv og IKKJE selge ostehøvel. Teit.

Men nok ein gong - tusen takk mamma! Fårepølso såg ganske sleten ut, men til no ligg den iallefall i kjøleskapet samen med ti flaske vatn og eit stort brød. Blir fårepølsa til kvelds, trur eg.


torsdag 22. september 2011

Bali Gallery

I dag var planen å gå på shopping. Me har nokre kjære det heima som har bursdag i nær framtid, (postgongen her kan vera nokså treig, så me vil vera tidleg ute) så planen var å senda noko fint heim. Me har og kjøpt postkort som me vil senda heim, så alle som trur dei står på postkort-lista, gled dåke. Til dåke som mistenke at dåke ikkje står på postkort-listo, men ønske å vera der - legg att kommentar med navn og adressa. Eventuelt send den på mail/facebook.



Men no springe me på Bali Gallery og kjøpe presanga. Snakkes!

mandag 19. september 2011

Båttur

På laurdag fór me på båttur. Båten hadde stort segl, og stort dekk som me kunne ligga å sola oss på. Der blei eg liggande både til og frå. Me for over til ei lita øy (trur eg) der det var ein liten landsby, samt hotell. Me fekk først besøka landsbyen, der bileta nedanfor er tatt. Der var me å såg på kor dei laga sjøgras, som blant anna blei brukt i kosmetikk og anna. Æsj!

Fordi mangen var uggugg på lørdag etter fredagens ablegøya, var det neppe denna delen av turen som blei satt mest pris på. Bør kanskje fortella at eg var ein av dei heldige der..

Etterpå for me til hotellet som låg heilt i strandkanten, der fekk me kjempegod lunsj! Trur da må ha vore da besta me har ete her nede så langt. Og til deg mamma: det var til og med buffet!!!!

I Made, ein av dei tilsette på GoStudy som var med for å passa på oss.
Ei lita jente som budde i landsbyen. Ho ville bli tatt bilde av, sjølv om det ikkje ser slik ut.







søndag 18. september 2011

Jimbaran bay villas

I går for eg, Magnhild, Anneli og Johanne til villastrøket der Gateway Collageelevane bur. Dei budde ute i skauen, men hadde knallfin villa. Likavel var da nokså ukoseleg å finna fram. Etter litt tusling rundt i desse nifse strøko der langt i gokk gjekk me forbi ei mark, der da stod kyr.

Anneli: "Sjå, da e ei løva!!

Anneli ville ei heller gje seg, og stod fast på at kuo var ei løvinna. Too much alcohol? Yes. Maybe. Kanskje. Burde tatt bilde.

Yellow submarine

 Me har meldt oss på dykkarkurs. Småfisk, hai og skip frå andre verdskrig. 
HER KJEM ME!


Bilete er av Magnhild under eit prøvedykk i bassenget på hotellet.

fredag 16. september 2011

Død over vatnkokaren


Fordi maten me får på hotellet i hovudsak er laga av luft, sukker og feitt blir me fort sulten att. Før me skulle legga oss tenkte me at det hadde vore greitt med litt kveldsmat. La oss laga nudla, tenkte Magnhild. Vel, nudla blei da. Dessverre var da sånn at  vatnkokaren nesten tok fyr, og drepte oss begge. Neida! Men den tok altså fyr. Me legge ved eit bilde for å illustrera.

 

Killer-vatnkokaren som hadde ein nokså kort karriere.
Snakkes!

(Detta skjedde for to daga sio, me leve endo altså!)

Edit: Har kjøpt ny, trygg vatnkokar. Fekk returnert killerkokaren etter mykje om og men. Alt ordner seg for snille piker.

mandag 12. september 2011

Kveldens kveldsmat

Me har i dag vore nok ein tur på eit kjøpesenter som vert kalla Carrefour (eller noko sånt, trur eg.) Me har kjøpt oss rosa vatnkokar og brødristar og har no inntatt ein deilig kvelds saman med dei andre Stordjentene, Anneli og Johanne. Makrell i tomat med majones, halalskinka og crabsticks (som kosta omlag 4 kr for 6 stk, slå den der heima dåke!) stod på menyen og slo godt ann hos alle.

Me leve livet, men savne ostehøvel. Gleden blir stor når ho mor får sendt ein ned til oss.
Me har prøvd ved fleire anledninga å forklara ka ein ostehøvel er, men "cheesehovel" og "something to slice cheese with" slår tydeligvis ikkje heilt gjennom. Men ingen kan sei me ikkje har prøvd!


Bilde av Magnhild i taxien på veg til Carrefour

Men for å fortella om kor me var idag, så kan eg sei følgande: Carrefour er eit stort kjøpesenter der dei sel omtrent alt du treng til heimen, og me har difor tilbrakt ein del timar berre ved å gå rundt og kikka. Kjempestort! Me har prøvd å finna elektrisk komfyr med ei plata, men da er tydelegvis umogeleg å oppdriva om me ikkje vil betala 1.000.000 for ein med kjeramisk topp. Fordi alt er så billeg her nede, syns me ein million var litt mykje å betala når dei drive med gass kosta tjue tusen. Gassovn vil me ikkje ha heller, så då får me koka egg i vatnkokaren. Om me vil ha steikt egg kan me vel steika da i toastjernet. Finst ikkje éin ting me jente ikkje fikse.

No må me berre kjøpa egg.

Første skuledag

Magnhild på første skuledag.

Me har i dag hatt vår første skuledag. Dagane er frå halv elleve til halv eitt, altså ikkje særleg lange. Me skal ikkje stikka under ein stol at detta passe oss heilt utmerka. Me har kjempedeilig vêr med sol og herlege temperatura. Om nokon er frista til å komma på besøk, KOM!


Da e og kjekt å få litt respons her, så når folk kjeme innom å lese da me skrive,kan dåke gjerna skriva ein liten kommentar under innlegget om dåke lure på noko eller berre vil visa oss at du har vore innom. Me kan ikkje lova innlegg kvar dag, men me tenke på alle dåke heima og vil legga ut noko kvar gong me føle me har noko å dela.

Snakkes!

søndag 11. september 2011

Prikk til prikk


Store helsingar til alle der heima frå oss. Me har valgt å oppretta ein blogg for å sleppa og skriva tusen eposta til alle våre (småbekymra) foreldre, besteforeldre, venna og andre som skulle vore interessert i korleis me har da. Me kan fortella da at me leve i beste velgåande, men at me har funne ut at me ikkje har noko spesielt til overs for myggen her nede. Vil legga ut eit bilde av Magnhild sine "prikk til prikk" legga ved ein seinare anledning. Håpe alle vil følga oss vidare på våras utruliga reisa og at alle har da fint her heima.