lørdag 19. november 2011

Raud, raud, raud

I dag har eg vore på stranda litt lengre enn eg burde. Eg kom heim og følte meg både brun og fin. Kva var eg? Raud. Kokt hummar-raud. Tomatsuppe-raud. Raude roser-raud. Raud, raud, raud. Om det gjer vondt? Ja. Utan tvil. Ein skal lide for "skjønnheten", er det ikkje det dei seier?


Likevel avslutta eg dagen heilt perfekt. Me gjekk ut for å ete middag med Nina og Sabrina, der dei andre sofistikerte delte ei flaske vin medan eg drakk brus. Me åt knallgod pizza og hadde godt selskap. Uten tvil ein fin kveld. På vegen heim gjekk me innom ein klesbutikk, der me fekk kjøpt julegåver og gåver til oss sjølve. Finfint!


Legg ved eit par bilete av to skjønne jenter (dei to andre skjønne jentene blei da ingen bra bilde av, så dei får me klara oss uten ikveld) som er blitt fine og brune.
Etter raudfarge kjem brunfarge. Sant?
Flotte Nina
Søte Sabrina

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid kjekt med tilbakemelding!