mandag 31. oktober 2011

Barneheimsdag

På søndag var det barneheimsdag. 

GoStudy som er selskapet som eg reiser saman med, finansierer eit barneheim her på Bali. Barneheimen er i hovudsak finansiert av elevar (som meg), som tar med seg klede, sko, leiker og liknande og gir det vekk til barna. For å få inn pengar til mat og liknande, har dei noko dei kallar Auksjonen. Auksjonen går ut på at elevane donerer ein ting kvar, som dei trur nokon av dei andre elevane kunne tenkt seg å kjøpa. Deretter lagar me auksjon der du kan by på tinga dei andre har donert bort. Ting som blir auksjonert vekk er som oftast norsk sjokolade, mat og anna som ikkje er mogeleg/vanskeleg å få tak i på Bali. Fordi det er elevane som donerer vekk og kjøper tinga etterpå, vil dette sei at det er ganske store pengesummar som endar opp til barneheimen.



På barneheimsdagen invitert me alle ungane som bur på barneheimen til eit stort hotell med symjebasseng. Me er blitt fortalt at denne dagen i året er det største barneheimsungane får oppleva i løpet av året. Dei elskar å bada og leika med ball. Me hadde sett opp teiknebord og la tilrette for at alle ungane skulle kosa seg masse.


 Morten med sitt vinnande smil og glimt i auga hadde eit spesielt godt lag med ungane. Burde bli lærar du og, Morten!


Alt i alt trur eg alle hadde ein veldig fin dag, til tross for at det var regnbørsmengdar som kunne tyda på flomtilstand i nær framtid. Heldigvis letta det opp etter omlag to timar, så då hoppa alle i bassenget. Det kjem fleire bilete etterkvart!

søndag 30. oktober 2011

Liten smugkikk i kvardagen vår

I restauranten der me skriver "matlappar" som me bytte mot kjempesunn mat. Til frukost blir det servert egg i alle mulige versjonar og loff, til lunsj får me pomfri og til middag potetstappa. Om du er heldig får du tre grønne greie som kan minna deg om grønnsaker. Så om nokon lure på kva me vil ha når me kjem heim? Nykokte grønnsaker, fisk og pinnakjøt. Veldig gira på kålerabistappa!
 
På Carrefour, vårt andre hjem. Me tilbringe ein del tid på Carrefour av den grunn at dei har eigentleg alt me trenge. Me like å fylla kjøleskapet med frukt og grønt... og satse på at all pomfrien ikkje sette varige spor i oss.

Nanny Carrie frå OTH!! 


Mmm, frukost! Me får velja mellom eit lite fat frukt eller juice til frukosten kvar morgon. Frukten har definitivt blitt vår favoritt!

 Vaskeriet som stjele truse og den nye t-skjorto til Magnhild.
 Massasje på Nirvana
Meg, Anneli, Johanne og Magnhild nyte ein fotmassasje. Om eg ikkje huske feil va da den dårligaste fotmassasjen eg har fått i heile mitt liv, men fordi ho så masserte var så uendelig søt ville eg ikkje sei noko.

Nokon som er misunneleg på kvardagen vår? No har eg sjølvsagt prøvd å mala alt rosenraudt, men me går tross alt på skule óg! I kulturforståelse rotar dei noko heise med innleveringane våre, og me byrjar å bli bra lei. Me satsar på at dei rettar opp i rotet i nær framtid, elles vert det juling! ;-)



lørdag 29. oktober 2011

Ugg ugg, pølse med lugg

Då var Halloween overstått for vår del.. I går kveld hadde me tatt på oss cowboyhatten og indianarfjøra og for ut å dansa. Eg song ufattelig dårleg karaoke medan Magnhild rista rumpa på dansegolvet. Kos dåke med bildene!

Magnhild


Kristine

indianarLisa


IndianarMaiken

Den søte feen, Elise
SailorKaroline som hadde på seg verdens søtaste sko!
Happykopp!
Tattisjentene
Me hadde ein kjempefin kveld ute og koste oss masse!

Lille truseLi

Litt fleire bilete frå Ubud :-)

Anneli kjøpte intet mindre enn 45 truse.

Søte Melissa


Discovery&Mormor's

Før me for ut var me ein tur på Discovery for å leita etter kostyme. Der kjøpte eg meg nye sko (he-he) og to nye kjolar og Magnhild fekk seg cowboyhatt. Bursdagsgåve til novemberbornet er kjøpt og skal sendast til veka. Spennande med pakkar frå andre sida av verda, så dette blir nok ein suksess uansett. No må eg berre fiksa bursdagskort og innpakkingspapir. Lettare sagt ein gjort dessverre. "Bursdagskort? Yes?" seie eg. "I only have christmas cards" seie dei. Vel, da må muligens duga.
På Discovery fann Karoline seg ein ny venn. Dei tilsette på butikken lo av oss.

Mm, taco <3

Elles var me ein tur på Mormor's som er ein norsk restaurant drive av ei dame som høyres ut som ho kjem frå Haugesund eller deromkring. Då blei det taco!

Eg har og drukke min første heile kaffidrikk. Den var skjult bak ein Vanilla Latte, men det er framleis kaffi, spør du meg! Søte Magnhild er meir erfaren enn meg, og kjøpte noko fancypancy greie med noko lurt oppi. Begynne søren meg å bli voksen eg. Hjelp!

tirsdag 25. oktober 2011

Bildedryss frå Ubud

 Flaggermuso som henge på veggen på Ananda



Balinesisk dans
 Dagbok-skrivaren
 Fine, nye, lilla kofferten.
Ofringar til gudane, eller noko.

I helga var eg og fleire av dei andre jentene på helgetur til Ubud. Ubud ligg omlag halvannen time frå Seminyak med bil. Planen var å sjå rismarkar og gå på galleri. Me endte derimot opp på eit kjempestort marknad der du kunne pruta deg i hel på alle mulige vare. Dei andre var i Monkey Forest, men fordi eg ikkje like apekatta for eg ut på eventyr åleina istadenfor. Eg fekk handla julegåve til ho mor, ny blomsterkjole til meg sjølv og drakk jordbærjuice på resturant. Eg fekk og endeleg tid til å skriva kort til svigers, så no må du vera berre vera oppmerksom på at da kan ramla postkort frå andre sida av verda i postkassen din, Toril. Berre vent!

Elles fekk Magnhild øyreverk og fekk ikkje fullført dykkarkurset sitt denne helga. Ho skal derimot sjå om ho ikkje får til å gjere det til helga som kjem. Me hadde ei knallfin helg og er klar for ei ny veke med skule og nytt fag.

Air conditionen har forresten sagt takk og farvell, og me er ikkje lengre venna.

fredag 21. oktober 2011

6 veker er gått... allerede?


Berre seks veker att då.

Hjelp! Tenk at me har vore vekke i seks veke allereie. Trudde aldri tida kunne gå så fort. Dersom nokon lure så savne me heim, men me kunne godt vore her litt til. Tre månadar strekk ikkje heilt til, når me vil gjera alt samstundes som me skal henga med på skulen slik at me består eksamen. Tøft liv, eller kva?

Til helga skulle det bli dykkarsertifikatet, men kroppen min sa nei. Dersom du er berre litt forkjøla, vil du ikkje vera i stand til å jamna ut trykket og det vil difor vera umogeleg å dykka. Nei og nei. Eg må sei, eg er nokså skuffa. Men, hell i uhell. Dei andre jentene me reiste til Gili saman med skal ein tur til Ubu, så eg blir ikkje sittande heima å stura lenge. Magnhild skal framleis ta dykkarsertifikatet (heldiggrisen!) og blir derfor travelt opptatt dei neste dagane og heile helga.

 Bilete av soloppgangen på Gili

torsdag 20. oktober 2011

Lille pusekatt



...hvor har du vært?
Jeg har vært hos mamma'n min.

Lille pusekatt hva gjorde du der?
Jeg stjal melk fra mamma'n min.

Lille pusekatt hva fikk du da?
Jeg fikk
kutta av halen min.

Lille pusekatt hva sa du da?
Mjau, mjau, halen min!


onsdag 19. oktober 2011

Slutt på ein fantastisk fin haustferie


I går hadde me hatt vår siste dag på ferieparadiset Gili. Om me har hatt da fint? Veldig. Nydelige strende, krystallklårt vatn, hyggelig selskap og iskald drikka. Me leve livet. Fordi me var så mange blei me nøydd for å leiga to villaer. Finare trur eg aldri eg har budd (utanom då eg var i Jordan kanskje, der kan da kanskje måla seg, men berre kanskje).

Livet har for da mesta bestått i å tilbringa tid på strando, enten liggande med ei bok i sanden eller på ei bademadrass ute i sjøen. Ingen av oss for sagt da nok, me leve livet. Me har laga både taco og spagetti her nede. Eg har til og med ete TORO tomatsuppe. Da var ganske så fint.

Slenge med litt bilete frå taco-kvelden vår!

Fine Solveig!
Taco!!

torsdag 13. oktober 2011

Jordskjelv på Bali

Hei alle saman der heime. Me ville berre gje beskjed om at me IKKJE er på Bali og har derfor ikkje opplevd jordskjelvet. Alle våre medelevar har det fint og ingen er skada. Dei tilsette på hotellet var tydelegvis hardt påverka av det som har skjedd, men ingen fysiske skada. Me var på vei til Gili tidlig i dag og var framme på denne fantastisk fine øya i halv 12 tida, Bali-tid.



Ville berre gje beskjed til alle som bryr seg om at me har det kjempefint og har fått verdens finaste villa. Me leve livet! Kyss og klem

onsdag 12. oktober 2011

Hard rock

Då blir da middag på Hard Rock i kveld, saman med alle Gilijentene. Eksamen vel gjennomført og over, og me er klar for ferie! Ha ein fin kveld alle saman!

tirsdag 11. oktober 2011

Allereie i morgon er første eksamen. Hjelp!



Bildene ovanfor tok me i slutten av sist veka. Anneli og Johanne har kjøpt seg ein slange som dei legge rundt på stategiske plassa rundt på hotellet, men har til no dessverre ikkje klart å skremma nokon. Men bra forsøk, jente! Sista bildet er av Magnhild som er sliten fordi da e så varmt her at svetto renne berre du ser ut vinduet. Sleeping beauty <3

Vil at alle der heima krysse både fingra og tær for at eksamen skal gå fint for alle, og sende dåke litt sol og varme i gjengjeld. Snakkes!

fredag 7. oktober 2011

GoStudy Volleyball

I dag har me spelt volleyballturnering saman med dei som går personleg trenar og idrett. Eg og Magnhild vann dei to første kampane våre og var i storform fram til me møtte to nette damer i rosa truse. Dei hadde ein kjempestor heiagjeng med poffa som dei veiva rundt med. Me burde hatt bilde, men begge gløymde dessverre kameraet heima i da me for ut døro.

No har me dusja og bestilt mcdonalds på døro, før me skal ein liten tur ut saman med dei andre jentene. Ha ein fin kveld og ei god helg!


torsdag 6. oktober 2011

Regntid


No kjem regntida. Både i går kveld og i natt har det regna mykje. Det ligg store mørke skyer over houvda våre, og me har tredd på oss hettegensera og anna for å holda varmen. Dei nesten tredve gradene ute er langt i frå varme og me har det fælt. NEIDA!

Men da regne her óg, altså.

Me er derimot blitt forkjøla begge to, men som dåke ser på bildet ovanfor: me held på humøret. Den ukjente frøkna til venstre i bildet er Julie, ho kjem frå Personleg Trenar som også held til på Bali.

So long!

tirsdag 4. oktober 2011

Gili villas






Me skal på ferie! Neste torsdag reise me saman med fem andre superkjekke jente til fantastiske Gili. På Gili finst da ikkje ein halv taxi eller moped eller noko anna bråkete, og me ser fram til ei veka der naboen høyre deg kvar gong du sleppe ein fis. Nokon som er frista til å vera med?