tirsdag 22. november 2011

Dei galne har da godt



Prøvepakking

Heimreisa? Snart? Verkeleg? Trur deg ikkje ...



Trur me blir nøydd for å senda noko i posten eg...

The Junction

Får ikkje sagt det nok, The Junction er verkeleg tingen. I dag har eg og Magnhild lese til eksamen, kvar for oss. Magnhild tusla på Soho og eg kunne då ikkje dy meg. The Junction. Verdas beste (til no) Chicken Curry Sandwitch. Då dåke allereie veit om denne skal dykk heller få bilete av sjølve restauranten denne gongen. Den er knallfin!




søndag 20. november 2011

Skrækkfilm og påkkårn

I dag har me vore på kino.

Magnhild blei redd. Me såg Twillight!

Åt god popcorn.

Avslutta med å kjøpa julegåve til ho mor, genser til meg sjølv og biff til kvelds. Fin kveld!

lørdag 19. november 2011

Raud, raud, raud

I dag har eg vore på stranda litt lengre enn eg burde. Eg kom heim og følte meg både brun og fin. Kva var eg? Raud. Kokt hummar-raud. Tomatsuppe-raud. Raude roser-raud. Raud, raud, raud. Om det gjer vondt? Ja. Utan tvil. Ein skal lide for "skjønnheten", er det ikkje det dei seier?


Likevel avslutta eg dagen heilt perfekt. Me gjekk ut for å ete middag med Nina og Sabrina, der dei andre sofistikerte delte ei flaske vin medan eg drakk brus. Me åt knallgod pizza og hadde godt selskap. Uten tvil ein fin kveld. På vegen heim gjekk me innom ein klesbutikk, der me fekk kjøpt julegåver og gåver til oss sjølve. Finfint!


Legg ved eit par bilete av to skjønne jenter (dei to andre skjønne jentene blei da ingen bra bilde av, så dei får me klara oss uten ikveld) som er blitt fine og brune.
Etter raudfarge kjem brunfarge. Sant?
Flotte Nina
Søte Sabrina

onsdag 16. november 2011

Den ville gekkojakta

"svett&jævlig. Tidenes gekkojakt. Takk til Magnhild for tapper innsats. Rommet ser ikkje ut, men gekkoen er trygt ute i da fri og eg ska ikkje lenger bli vekka av gekkosong midt på natto."
Facebookstatusen min frå igår kveld. Legge ved eit bilete av korleis rommet såg ut etter me hadde byrja å rydda på plass igjen.Stakkars naboane i første etasje, må tru me er totalt kreisi.
 Og til slutt... Akkurat i da eg skulle legga meg såg eg ein gekko til på veggen. Søren!

tirsdag 15. november 2011

Ein liten smakebit

Ein raud pip-pip frå fugleparken me var i på laurdag!
(PS! Om du trykke på bileta får du dei større!)

Etter helga har me vore på skulen og brukt mykje tid ved bassengkanten der me har slikka sol og klaga på den uuthaldelege varmen. Me har kjøpt oss kvar si vifta, men må sei at da er nesten for varmt til at da er noko hjelp i. Stakkars oss! NEIDA. Me elske kvart minutt me har her, og syns da er ufattelig trist at me berre har to veke igjen i Baliparadiset.

Likavel er det godt å tenka på at me snart kan kjøpa Freia Melkesjokolade til 20 kr, og ikkje tre millionar (1800 norske kroner, for dei som ikkje er så god på rupie). Pappas dårlege vitsar og mammas gode klemmar og kokkekunstar. Det skal og bli godt å få sjå alle våre kjære. Dåke er savna!

I dag har eg fått pakke i posten. Mi kjære Maiken har sendt meg sladderblad og ein skikkeleg go'bamse. Eg har det veldig fint med andre ord! Du er fin du, Maiken mi! Elles sitte eg framleis å vente på pakke frå England og brev frå Regine. Mistenke at begge dela kan ha forsvunne i posten. Håpe berre det kjem før eg skal heim att!

Utenom det kjem det fleire bilete frå fugleparken snart, må berre ha tid til det. Må berre øva meir på ex.fac og kulturforståelse. Er tross alt eksamen neste onsdag!

søndag 13. november 2011

The Junction og vulkantur

I går formiddag reiste me saman med fleire andre frå GoStudy på tur. Først besøkte me ein fuglepark der dei hadde fugleshow og me kunne gå rundt å ta bilde av fuglane. Eigentleg skulle me innom ein reptilpark òg, men me prioriterte å eta lunsj istadenfor. Etterpå for me til Ubud der Magnhild fekk kjøpt seg morgonkåpa og eg nye truse. Kjempekupp!
Chicken Curry bagette. Nam!
Etterpå for me opp til eit hotell like ved vulkanen der me overnatta. 03.00 for me ut døro og inn i bilane. No skulle da gåast! Me gjekk opp på vulkanen og fekk sjå soloppgangen frå ei fantastisk høgda. Guidane våre lurte blant anna på om detta var Magnhilds første tur på eit fjell, og om me hadde fjell i Noreg. Var rett før me ville gi dei norskkurs. 

No er me kjempeslitne, men mette og skal ta oss ein kvil. Kjem bilete frå vulkanen og fugleparken seinare!

Edit: Til alle sultne balifolk. The Junction ligg i Seminyak Square og er den restauranten med alle plankane.

tirsdag 8. november 2011

Litt meir barneheimsdag

No sitte me med den andre innleveringa vår i kulturforståelse som skal inn i kveld. Arbeide på spreng ettersom sjølvdisiplinen har vore fråværande då det har vore så mykje anna kjekt me heller har hatt lyst til å gjera. Skule kan me gjer seinare, tenke iallefall eg. Uff og huff. Men me blir nok ferdig denna gongen óg. 
Ønsk oss lykke til!

Er forresten skikkelig Bergensvêr her no. Regn, regn og atter regn. Pluss eit par plussgrade meir enn i Bergen kanskje. Eit par.

søndag 6. november 2011

Kuta Beach & Hard Rock Café

På fredag reiste eg og Magnhild med Mari, Mia og Charlotte til Kuta beach. Me heiv oss i kvar sin taxi og fann kvarandre aldri igjen. Eg håpe dåke hadde da fint!

På vei ut av hotellet traff me ein liten babyfugl. Den hadde nok vore nokså uheldig og fekk nok ikkje den starten på livet me skulle ønska den fekk.
R.I.P Pippippen
Fantastiske Kuta Beach. Turiststrand nr. 1. Mase selgara. Uten tvil. Me blei rundlurt.
"Tenk på dei stakkars ungane mine, og dei femten barnebarno!" sa dei.
Jaja, la gå då.

Etterpå for me på Hard Rock og kjøpte hamburger. Akkurat passelig med mat, dersom porsjonane hadde vore minst halvparten så store. Men betjeningo er heilt fantastiske og me fekk oss ein ny facebookvenn!
 Etterpå blei eg sjuk og har lagt heima på Ananda sio. Fin helg!

Laura, 20 år

Enda ei veke har flydd forbi, shit ... snart har me ikkje meir tid igjen jo! På onsdag fylte Laura år, og me kunne ikkje la ein slik anledning til å feira gå oss forbi. Da blei ein kjempestor gjeng festpynta ungdom som hadde ein kjempekveld!

Magnhild og Laura. Laura blei 20 år på onsdag og detta blei feira med eit kjempekalas. Ho fekk ei flaska med reinsdyr på og blei storfornøyd. Eg vil tru at da må ha vore ein topp 3. bursdagsfeiring! (Muligens ein førsteplass, om eg får vera så frekk..)
Søte jentene, Gitte og Wanja

Flotte Stephanie Amanda, som etter ein intens soledag som påførte ho annan(muligens tredjegrads)forbrenning har endt opp med skilje og god farge! Trur ingen andre har betalt så høg pris for brunfargen her nede ;-)
 Takk til alle som gjer oppholdet på Bali så vanvittig fint. Dåke er heilt fantastiske!

onsdag 2. november 2011

Kven har verden beste tante?



Kven har verdens beste tante? Jo det er meg!  Eg har nemlig vore inne i Kuta og henta ein pakke, som var for stor til å verta levert til hotellet. Den var fra mine kjære tanter med familie, Besto og Besten og mamma!  I denna store pakken var det alt mogleg god mat som eg likar!

Innhaldslista: 7 store makrell i tomat, 3små makrell i tomat, 2 store leverpostei, 3mini leverpostei, 8 pakkar knekkebrød, 2 tubar majones, 2 tubar kremost, 1pakke fullkornsris, 1boks maxboller(<3), 1 hakkasteik og 1 tube jordbæsyltetøy! Samt to brev!





Dersom dette ikkje er imponerande, så veit ikkje eg! Eg trudde eg venta på ein liten pakke fra mamma med eit par boksar med makrell i tomat i. Men der tok eg feil, det var jaggu dei flotte tantene Vad! Me har desverre ikkje kjøkken her til å laga mat på, men skal snika meg bort til Idrett og PT, og låna deiras!

Mangen store klemmar til Tante Lullo, Tante Brit og Tante Øygunn m.fam!







tirsdag 1. november 2011

Ananda zoo

På Ananda bur det ikkje berre oss elevar og andre som trur at Ananda er eit kjempehotell, med tanke på at det bur så vanvittig mange her. Her har me hunden vår, ein kvalp som nærmar seg ikkje-kvalp lengre. Den er kjempesøt og bite deg i hel dersom du lar den. Dersom me har gløymt å lukka døra nede er den inne å hentar med seg bosset vårt og slenge da rundt i hagen med ein gong. Kjempegreie! Men den er søt då, i da minsta.
I går kveld kom hunden på besøk og ville ligga i sengo å kosa. Så den er snill og, berre ikkje alltid!

 Gekkoen ete mygg og er derfor ein kjærkomen gjest her hos oss. Men den skal helst holda seg på god avstand og gjera jobben sin. Gekko i sengo vil me ikkje ha.

 Sist, men slettes ikkje minst: onkelen til FroskeLi. Ei hjelpande hand i myggbekjempelsen me drive på med her nede. Da ser dessverre ut som me tape, men me prøve likavel!