mandag 12. september 2011

Kveldens kveldsmat

Me har i dag vore nok ein tur på eit kjøpesenter som vert kalla Carrefour (eller noko sånt, trur eg.) Me har kjøpt oss rosa vatnkokar og brødristar og har no inntatt ein deilig kvelds saman med dei andre Stordjentene, Anneli og Johanne. Makrell i tomat med majones, halalskinka og crabsticks (som kosta omlag 4 kr for 6 stk, slå den der heima dåke!) stod på menyen og slo godt ann hos alle.

Me leve livet, men savne ostehøvel. Gleden blir stor når ho mor får sendt ein ned til oss.
Me har prøvd ved fleire anledninga å forklara ka ein ostehøvel er, men "cheesehovel" og "something to slice cheese with" slår tydeligvis ikkje heilt gjennom. Men ingen kan sei me ikkje har prøvd!


Bilde av Magnhild i taxien på veg til Carrefour

Men for å fortella om kor me var idag, så kan eg sei følgande: Carrefour er eit stort kjøpesenter der dei sel omtrent alt du treng til heimen, og me har difor tilbrakt ein del timar berre ved å gå rundt og kikka. Kjempestort! Me har prøvd å finna elektrisk komfyr med ei plata, men da er tydelegvis umogeleg å oppdriva om me ikkje vil betala 1.000.000 for ein med kjeramisk topp. Fordi alt er så billeg her nede, syns me ein million var litt mykje å betala når dei drive med gass kosta tjue tusen. Gassovn vil me ikkje ha heller, så då får me koka egg i vatnkokaren. Om me vil ha steikt egg kan me vel steika da i toastjernet. Finst ikkje éin ting me jente ikkje fikse.

No må me berre kjøpa egg.

4 kommentarer:

  1. Kjekt å lese om dåke. Kos og klem

    SvarSlett
  2. Ostehøvel og vossafår innkjøpt, skal prøve å få sendt det i morgen. Ikkje farlig med kreative jenter :), vil gjerne ha rapport om dei egga.... Maikenmamsen

    SvarSlett
  3. Hei.Spennende å høre hvordan dere har det. vi skjønner at dere kan løse selv de enkleste problemer... Kos dere. Bestefar og Helen.

    SvarSlett
  4. Finst ikkje ein ting me ikkje ordne ;-)

    SvarSlett

Alltid kjekt med tilbakemelding!