fredag 21. oktober 2011

6 veker er gått... allerede?


Berre seks veker att då.

Hjelp! Tenk at me har vore vekke i seks veke allereie. Trudde aldri tida kunne gå så fort. Dersom nokon lure så savne me heim, men me kunne godt vore her litt til. Tre månadar strekk ikkje heilt til, når me vil gjera alt samstundes som me skal henga med på skulen slik at me består eksamen. Tøft liv, eller kva?

Til helga skulle det bli dykkarsertifikatet, men kroppen min sa nei. Dersom du er berre litt forkjøla, vil du ikkje vera i stand til å jamna ut trykket og det vil difor vera umogeleg å dykka. Nei og nei. Eg må sei, eg er nokså skuffa. Men, hell i uhell. Dei andre jentene me reiste til Gili saman med skal ein tur til Ubu, så eg blir ikkje sittande heima å stura lenge. Magnhild skal framleis ta dykkarsertifikatet (heldiggrisen!) og blir derfor travelt opptatt dei neste dagane og heile helga.

 Bilete av soloppgangen på Gili

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid kjekt med tilbakemelding!