søndag 30. oktober 2011

Liten smugkikk i kvardagen vår

I restauranten der me skriver "matlappar" som me bytte mot kjempesunn mat. Til frukost blir det servert egg i alle mulige versjonar og loff, til lunsj får me pomfri og til middag potetstappa. Om du er heldig får du tre grønne greie som kan minna deg om grønnsaker. Så om nokon lure på kva me vil ha når me kjem heim? Nykokte grønnsaker, fisk og pinnakjøt. Veldig gira på kålerabistappa!
 
På Carrefour, vårt andre hjem. Me tilbringe ein del tid på Carrefour av den grunn at dei har eigentleg alt me trenge. Me like å fylla kjøleskapet med frukt og grønt... og satse på at all pomfrien ikkje sette varige spor i oss.

Nanny Carrie frå OTH!! 


Mmm, frukost! Me får velja mellom eit lite fat frukt eller juice til frukosten kvar morgon. Frukten har definitivt blitt vår favoritt!

 Vaskeriet som stjele truse og den nye t-skjorto til Magnhild.
 Massasje på Nirvana
Meg, Anneli, Johanne og Magnhild nyte ein fotmassasje. Om eg ikkje huske feil va da den dårligaste fotmassasjen eg har fått i heile mitt liv, men fordi ho så masserte var så uendelig søt ville eg ikkje sei noko.

Nokon som er misunneleg på kvardagen vår? No har eg sjølvsagt prøvd å mala alt rosenraudt, men me går tross alt på skule óg! I kulturforståelse rotar dei noko heise med innleveringane våre, og me byrjar å bli bra lei. Me satsar på at dei rettar opp i rotet i nær framtid, elles vert det juling! ;-)



5 kommentarer:

  1. Eg som ble misunnelig når eg såg fotmassasje... Det som er sååååå godt viss dei kan det. Litt fint at det ikkje var bra, så kan eg heller kose meg med fyr i ovnen. Og snart heimelaga pizza :)

    SvarSlett
  2. Veit det. Fekk verdens beste fotmassasje då eg og Maiken var i Tyrkia. Fyr i ovnen og heimalaga pizza høyres fint ut ;-) Du kan jo eventuelt lura Arild til å gi deg ein fotmassasje, om du trenge da ;-)

    SvarSlett
  3. ja, Arild kan lurast ;) Senest i går, så trur ikkje eg kan prøve igjen i dag.

    Er det på grunn av vaskeriet som stjeler truser at Anneli kjøper 45?????

    SvarSlett
  4. Nei, då e da slettes ikkje synd i deg!

    Trur ho blei truseblind. Dei kosta 6 norske per stk, så ho blei vel rive litt med muligens. ;-)

    SvarSlett
  5. Truseblind, det ordet trur eg eg må sjekke i leksikon :)

    SvarSlett

Alltid kjekt med tilbakemelding!