mandag 31. oktober 2011

Barneheimsdag

På søndag var det barneheimsdag. 

GoStudy som er selskapet som eg reiser saman med, finansierer eit barneheim her på Bali. Barneheimen er i hovudsak finansiert av elevar (som meg), som tar med seg klede, sko, leiker og liknande og gir det vekk til barna. For å få inn pengar til mat og liknande, har dei noko dei kallar Auksjonen. Auksjonen går ut på at elevane donerer ein ting kvar, som dei trur nokon av dei andre elevane kunne tenkt seg å kjøpa. Deretter lagar me auksjon der du kan by på tinga dei andre har donert bort. Ting som blir auksjonert vekk er som oftast norsk sjokolade, mat og anna som ikkje er mogeleg/vanskeleg å få tak i på Bali. Fordi det er elevane som donerer vekk og kjøper tinga etterpå, vil dette sei at det er ganske store pengesummar som endar opp til barneheimen.



På barneheimsdagen invitert me alle ungane som bur på barneheimen til eit stort hotell med symjebasseng. Me er blitt fortalt at denne dagen i året er det største barneheimsungane får oppleva i løpet av året. Dei elskar å bada og leika med ball. Me hadde sett opp teiknebord og la tilrette for at alle ungane skulle kosa seg masse.


 Morten med sitt vinnande smil og glimt i auga hadde eit spesielt godt lag med ungane. Burde bli lærar du og, Morten!


Alt i alt trur eg alle hadde ein veldig fin dag, til tross for at det var regnbørsmengdar som kunne tyda på flomtilstand i nær framtid. Heldigvis letta det opp etter omlag to timar, så då hoppa alle i bassenget. Det kjem fleire bilete etterkvart!

3 kommentarer:

  1. Læraren Morten Veland2. november 2011 kl. 19:24

    Ja, dei syns da va spennande å ha ein nær 190cm høg og nær 100kg norsk viking på besøk ;) Spesielt i bassenget var dei ivrige i å leka. Eg va Monsteret som sku ta dei og kasta dei rundt i bassenget :P Du kan seg eg va den størst ungen der, og gøy va da ;)

    SvarSlett
  2. Ja, da e slettes ikkje berre ungane som like deg Morten ;-) Du har eit godt lag med alle du! Flotte, nær 100 kg muskla og neesten 2 meter på strømpelesten. Du e ikkje så verst!

    Kjeme forhåpentligvis litt bassengbilde i nær framtid ;-)

    SvarSlett
  3. gleder meg til fleire bilder :) masse klem. Savner deg no

    SvarSlett

Alltid kjekt med tilbakemelding!