tirsdag 1. november 2011

Ananda zoo

På Ananda bur det ikkje berre oss elevar og andre som trur at Ananda er eit kjempehotell, med tanke på at det bur så vanvittig mange her. Her har me hunden vår, ein kvalp som nærmar seg ikkje-kvalp lengre. Den er kjempesøt og bite deg i hel dersom du lar den. Dersom me har gløymt å lukka døra nede er den inne å hentar med seg bosset vårt og slenge da rundt i hagen med ein gong. Kjempegreie! Men den er søt då, i da minsta.
I går kveld kom hunden på besøk og ville ligga i sengo å kosa. Så den er snill og, berre ikkje alltid!

 Gekkoen ete mygg og er derfor ein kjærkomen gjest her hos oss. Men den skal helst holda seg på god avstand og gjera jobben sin. Gekko i sengo vil me ikkje ha.

 Sist, men slettes ikkje minst: onkelen til FroskeLi. Ei hjelpande hand i myggbekjempelsen me drive på med her nede. Da ser dessverre ut som me tape, men me prøve likavel!

2 kommentarer:

Alltid kjekt med tilbakemelding!