tirsdag 15. november 2011

Ein liten smakebit

Ein raud pip-pip frå fugleparken me var i på laurdag!
(PS! Om du trykke på bileta får du dei større!)

Etter helga har me vore på skulen og brukt mykje tid ved bassengkanten der me har slikka sol og klaga på den uuthaldelege varmen. Me har kjøpt oss kvar si vifta, men må sei at da er nesten for varmt til at da er noko hjelp i. Stakkars oss! NEIDA. Me elske kvart minutt me har her, og syns da er ufattelig trist at me berre har to veke igjen i Baliparadiset.

Likavel er det godt å tenka på at me snart kan kjøpa Freia Melkesjokolade til 20 kr, og ikkje tre millionar (1800 norske kroner, for dei som ikkje er så god på rupie). Pappas dårlege vitsar og mammas gode klemmar og kokkekunstar. Det skal og bli godt å få sjå alle våre kjære. Dåke er savna!

I dag har eg fått pakke i posten. Mi kjære Maiken har sendt meg sladderblad og ein skikkeleg go'bamse. Eg har det veldig fint med andre ord! Du er fin du, Maiken mi! Elles sitte eg framleis å vente på pakke frå England og brev frå Regine. Mistenke at begge dela kan ha forsvunne i posten. Håpe berre det kjem før eg skal heim att!

Utenom det kjem det fleire bilete frå fugleparken snart, må berre ha tid til det. Må berre øva meir på ex.fac og kulturforståelse. Er tross alt eksamen neste onsdag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid kjekt med tilbakemelding!