Før
me for ut var me ein tur på Discovery for å leita etter kostyme. Der
kjøpte eg meg nye sko (he-he) og to nye kjolar og Magnhild fekk seg
cowboyhatt. Bursdagsgåve til novemberbornet er kjøpt og skal sendast til
veka. Spennande med pakkar frå andre sida av verda, så dette blir nok
ein suksess uansett. No må eg berre fiksa bursdagskort og innpakkingspapir. Lettare sagt ein gjort dessverre. "Bursdagskort? Yes?" seie eg. "I only have christmas cards" seie dei. Vel, da må muligens duga. |
På Discovery fann Karoline seg ein ny venn. Dei tilsette på butikken lo av oss. |
Mm, taco <3 |
Elles
var me ein tur på Mormor's som er ein norsk restaurant drive av ei dame
som høyres ut som ho kjem frå Haugesund eller deromkring. Då blei det
taco!
Eg
har og drukke min første heile kaffidrikk. Den var skjult bak ein
Vanilla Latte, men det er framleis kaffi, spør du meg! Søte Magnhild er
meir erfaren enn meg, og kjøpte noko fancypancy greie med noko lurt
oppi. Begynne søren meg å bli voksen eg. Hjelp!
Masse fine bilder, plutselig savna eg deg veldig.... Kan viss starte på å glede meg til du kjem heim :)
SvarSlettJa, no er det ikkje lenge til eg er heima igjen. Faktisk berre ein månad til!
SvarSlett